Etter vinterdvale på Askvoll Sjøbuer sin blogg ser vi no framover mot våren og ikkje minst sommaren 2012!
Dykk kan allereie sette av helga 20-22 Juli for då er det Skjærgårdstreff i Askvoll! Vi har sjølvsagt dans både fredag og lørdag og ikkje minst, så serverer vi god mat heile helga.
For at tida fram mot sol og varmare dagar skal gå fortare arrangerer vi PUBQUIZ kvar fredag i oddetallsveker fram mot sommaren. Dette er ein uoffisiell konkurranse i allmennkunnskap så ta med deg eit lag på ein eller fire og kom deg ut av sofakroken!
Til helga, lørdag 3. mars skal To Vise Menn spele opp til dans på Askvoll Sjøbuer. Dei erklærer sjølv at dei spelar gladlåtar og dansemusikk så her er det store muligheter å få trent sangstemma til allsang eller dansefoten med ein liten svingom! Du er hjartelig velkommen på Askvoll Sjøbuer frå 22.00.
Den 16. mars kjem Jens Brekke og Ragnar Hove for loser oss gjennom ein kveld for å hylle Jakob Sande. Her blir det dikt og allsang, og skulle du ynskje å lese eit dikt sjølv, er det velkommen til det. Frå klokka 21.00.
So då er det berre å ynskje alle ein flott slutt på vinteren og forhåpentligvis går vi imot ein nydelig vår og ein solrik sommar! Stikk innom Askvoll Sjøbuer om du er innom Askvoll då vell




